Når du køyrer eit interaktivt programtillegg, vert til vanleg dialogvindauget for programtillegget vist med dei innstillingane det hadde sist programmet var i bruk. Dette kan verta eit problem dersom du har gjort ein feil og ikkje hugsar dei opphavlege innstillingane. Ein måte å gjere det på, er å avslutta GIMP og starta på nytt igjen. Ein enklare måte kan vera å bruka kommandoen . Dette kan vere drastisk i og med at alle programtillegga vert tilbakestilte til normalinnstillingane. Difor får du eit spørsmål om du vil gjere dette. Som standard kan denne kommandoen ikkje angrast.